Ingen bør kjenne seg forbigjenge når me omtalar Trygve Jokelid som «dugnadsgeneral» i samband med landbruksmessa Naturligvis som vert skipa til på Evjemoen fyrskomande helg. Trygve stend i spissen for ein velviljug dugnadsgjeng som heile denne veka stend på, seint og tidleg, for å gjere stemneplassen klår til å take i mot både utstillarar og eit talrikt publikum. Det er ikkje mangel på arbeidskraft. Tvert om. Jokelid opplever stadig at folk ringer og tilbyr sine tenester. Han vil og nytte høvet til å rette ein stor takk til innsette ved fengselet på Evjemoen. Dei glir flott inn i dugnadsgjengen – og dei gjer samstundes ein framifrå jobb. (foto:moisund.com ) Les mer om "Dugnadsgeneralen he mønstra på" her >


