Film frå 2011

Valkampen 2011

Valg1Presis kl 12: 00 i dag vart det blåst liv i valkampen. Frå scena på stemneplassen vart det oppmoda om 1 minutt stillhet. Det vart kveikja ljos og politikarane førebur seg no på ei roleg opning av valkampen i løpet av dagen. Både kommunepoltikarar, fylkespolitikarar – og einskilde stortingsmenn syner seg no fram i fargesprakande T-skjorter. Partiprogram på glansa papir – og ballongar med senterpartilogo strekkjer seg mot himmelkvelven. (foto: moisund.com ) Les mer om "Valkampen 2011" her >

Spel V75 på Evjemoen

I dag ventar arrangørane mykje folk

Laurdag1Sola skin øve marknadsplassen på Evjemoen. Laurdagen er det tradisjonelt mykje folk på Naturligvis , og i dag bør det verte kø framføre billettluka. Utstillarane er mange, og tilboda stend i kø. Alt frå moderne landbruksmaskinar, velsmakande middagsretter, ullsokker, moreller frå Høgetveit, brukte garderobeskåp frå militærleiren, klokker frå Taiwan – og hjortekjøt frå Fjermedal. Tidtrøyte for både born og vaksne. Les mer om "I dag ventar arrangørane mykje folk" her >

Frukt og grønt..

f

Frøydis Kile (t.v.) representerer eiga verksemd, medan Maria Sundberg kjem frå Bjorå Gartneri. Båe sel stuttreist frukt og grønsaker frå eigen produksjon. Kvalitet av ypperste slag skal ein tru dei to flotte jentene. (foto: moisund.com )

Vakker song frå hovudscena

k

17 år gamla Kaja Søgard skal både i dag - og i morgon synge og spele frå hovudcena. Kaja kjem frå Grimstad og opptrer i ulike samanhenger øve heile Sørlandet. Ein konsert du så avgjort bør få med deg. (foto: moisund.com )

Fint ver og folket sig på…

Det er no ein time sidan dørene opna. Det byrjar å sige på med folk og utstillarne er klar…

naturligvis-fredag1

Picture 1 of 4

Traktor for folk flest

John Deere1Ein ny traktor i dag treng så avgjort ikkje koste fleire årsløner i innkjøp. Felleskjøpet he funne ei løysing på dette. Ein traktor for folk flest.  Ein traktor som bør vere meir enn stor nok på dei fleste småbruk.  For 170 000 kroner (før pruting ) kan du nå handle deg ein brenn ny John Deere. Ein dieselmotor på 55 hk – og trekk på alle fire gummihjila. Kontakt Eivind Drivenes (bilete ) hjå Felleskjøpet – og han leverer deg denne farkosten til omtrent same prisen som du må betale for ein moderne plenlyppar, med full bensintank…. Les mer om "Traktor for folk flest" her >

Ein halv time før opning.

Ingen skal gå svoltne heim – Naturligvis

Kokkelauget1

Dei vil syte for høveleg med vomfyll, karane frå Kokkenes Mesterlaug i Aust Agder. Dei skal m.a. servere heilsteikt lam, kjukling, scampi og sushi. Du finn dei på baksida av stallen, midt i handlegata. F.v. Normann Årsbog og Tor Holmen. (foto: moisund.com )

Dagen før dagen

Naturligvis 5Torsdag ettermiddag og sola skin frå ein nærast skyfri himmel. På stemneplassen på Evjemoen vrimlar det omtrent som i ei maurtuve. I den merkantile avdelinga er det rimeleg høg temperatur, og det meste tykkjest såleis å vere under kontroll. Maskinleverandørane held på med å blankpolere traktorar, skurtreskarar, gravemaskinar og 3-skjers vendeplogar. Arrangørane gjer ein fantastisk jobb for at både utstillarar og publikum skal få oppleve nokre fine dagar under Naturligvis 2011. Så langt ser det himla lovande ut. (foto: moisund.com ) Les mer om "Dagen før dagen" her >