Film frå 2011

Utdeling av heidersprisar

Prisvinnarar1På avslutningsdagen av Naturligvis vart mykje godtfolk heidra for framifrå innsats innanfor ulike fagområde. Kulturlandskapsprisen for Vest Agder vart tildelt Vidar og Gudbjørg Løvdal frå Vennesla. Prisutdelar var landbruksdirektør Dag Petter Sødal.  Aust Agder Landbrukselskaps Ærespris vart tildelt Johanne Aas. Prisutdelar her var leiaren i Aust Agder Bondelag, Erik Fløystad. Aas he vore tilsett på kjøkkenet ved Holt Landbruksskule i meir enn 40 år. Ein imponerande innsats.

Prisvinnarar1

Denn spenstige og humørfyllde gjengen sytte for at Felleskjøpet Rogaland Agder kunne take i mot prisen for beste stand på Naturligvis 2011. (foto: moisund.com )

Meir enn 100 utstillarar he vore tilstades på messeområdet desse 3 dagane. Alle he dei gjort ein framifrå innsats for å syne fram varene- og tilboda sine på ein fin måte. Kundane gjev tilbakemelding til oss om at dette he vore ei fantastisk messe. Me skuldar både utstillarar  og publikum ein stor takk for ei fin helg. Dei sakkundige i messekomiteen he likevel kåra utstillinga til Felleskjøpet til å vere den finaste, og mest informative, utstillinga på heile messa. Me gratulerer så mykje.

Prisvinnarar2

Kulturlandskapsprisen for Vest Agder vart tildelt Vidar og Gudbjørg Løvdal, frå Vennesla. (foto: moisund.com )

Prisvinnarar3

Aust Agder Landbrukselskaps Ærespris vart tildelt Johanna Aas. (foto: moisund.com )

Comments are closed.