Gro-Anita Mykjåland og Erik Fløystad var sterkast!
Aust-Agder Bygdeungdomslag skipa til tevling i mjølkespannholding frå hovudscena. Stortingspolitikarane, Freddy de Ruiter og Kjell Ingolf Ropstad måtte båe bite i graset. Her hadde det kan hende vore betre med tevling i tautrekking, ei grein dei er vande til frå Løvebakken. Ingen kom i nærleiken av Senterpartiet sin ordførarkandidat i Iveland, Gro-Anita Mykjåland og leiar av Aust-Agder Bondelag, Erik Fløystad. Begge stilde i finalen medan konkurrentane skar grimasjer før dei måtte gjeve seg.

Nils Gjermund Østerhus he bore mjølkespann sidan han var liten gut. I finalen måtte han gjeve tapt…
Erik Fløystad tykkjast ikkje trekke ei mine i finalen medan han fleipa med Senterpartiet sin representant. Guten hadde nok stått med mjølkespanna framleis dersom det ikkje hadde vore slik at scena skulle nyttast til eit anna føremål.

