Film frå 2011

Naturligvis 2012

Arbeidet med å planlegge Naturligvis 2012 er i full gang og vi mottar gjerne forslag til aktiviteter.

Datoer for Naturligvis 2012 er 10. – 12. august.

Dugnadsinnsats og våre gode hjelpere

Hovedkomiteen vil få takke alle dugnadsfolkene, utstillerene og samarbeidsorganisasjonene som deltok og gjorde messa til en suksess!

Det legges ned mange hundre timer i løpet av messedagene så uten denne innsatsen vil ikke messa blitt det flotte utstillingsvinduet som det er for Agderlandbruket!

Ei oppsummering…

Omkring 8000 mennesk vitja årets messe!!

Utdeling av heidersprisar

Prisvinnarar1På avslutningsdagen av Naturligvis vart mykje godtfolk heidra for framifrå innsats innanfor ulike fagområde. Kulturlandskapsprisen for Vest Agder vart tildelt Vidar og Gudbjørg Løvdal frå Vennesla. Prisutdelar var landbruksdirektør Dag Petter Sødal.  Aust Agder Landbrukselskaps Ærespris vart tildelt Johanne Aas. Prisutdelar her var leiaren i Aust Agder Bondelag, Erik Fløystad. Aas he vore tilsett på kjøkkenet ved Holt Landbruksskule i meir enn 40 år. Ein imponerande innsats. Les mer om "Utdeling av heidersprisar" her >

Svært nøgd med arrangementet

Trygsland1Ånen Trygsland sel og monterer  meir enn 100 varmepumper kvart einaste år. Ein marknad  i sterk vekst. Trygsland er eit fast innslag på Naturligvis og legg ikkje skjul på at han er storvegs nøgd med arrangementet. Eit fantastisk opplegg, ypperleg utstillingsplass – og kundane stend nærast i kø for å høyre siste nytt om varmepumper frå Mitsubishi. Folk er ikkje så skeptiske lenger – alle kjenner nokon som he varmepumpe i stova. Då finn dei vegen til Trygsland, midt i handlegata på Evjemoen, og fær ofte eit tilbod dei ikkje kan seie nei til. Ein dugande foretningsmann. Ein stødig kar. Ei flott messe. (foto: moisund.com )

Gro-Anita Mykjåland og Erik Fløystad var sterkast!

Spannholding3Aust-Agder Bygdeungdomslag skipa til tevling i mjølkespannholding frå hovudscena. Stortingspolitikarane,  Freddy de Ruiter og Kjell Ingolf Ropstad måtte båe bite i graset.  Her hadde det kan hende vore betre med tevling i tautrekking,  ei grein dei er vande til frå Løvebakken. Ingen kom i nærleiken av Senterpartiet sin ordførarkandidat i Iveland, Gro-Anita Mykjåland og leiar av Aust-Agder Bondelag,  Erik Fløystad. Begge stilde i finalen medan konkurrentane skar grimasjer før dei måtte gjeve seg. Les mer om "Gro-Anita Mykjåland og Erik Fløystad var sterkast!" her >

Han he ein takknemleg jobb

Nei til EU2John Øyslebø he ein svært så takknemleg jobb . Han er tilsett i full stilling som regionsekretær i Nei til EU. Nedslagsfeltet er Agder og Telemark, men ingen skal vere det minste i tvil om at Øyslebø er hjå sine eigne når han denne helga he stand på Naturligvis.  Dei siste meningsmålingene syner at i heile landet er 71 % av dei røysteføre  mot eit medlemskap i den europeiske unionen. Øyslebø er likevel ikkje redd for å verte arbeidslaus. Samskipnaden Nei til EU, må alltid vere førebudd på nye oppgåver sjølv om regionsekretæren ikkje ser noke teikn til ein ny EU – kamp i overskueleg framtid. (foto: moisund.com) Les mer om "Han he ein takknemleg jobb" her >

5000 vitja messa på laurdag!

Mykje folk1Over 5000 personar var innanfor portane til naturligvis i løpet av laurdagen. Messeleiinga er svært nøgd med resultatet og vonar mykje folk tek turen til Evjemoen i løpet av sundagen og..

Små glimt frå laurdag ettermiddag

Laurdag ettermiddag7Laurdag ettermiddag er det smekkfullt av folk innanfor portane på Evjemoen. Mykje tyder på at dette kan gå mot publikumsrekord. Fylkesmannen he kasta glans øve hendinga, politikarane tek til å verte varme i trøya – og godtfolk elles slær seg ned i benkjeradene med ein kopp kaffe – og kjerringa i armkroken. Les mer om "Små glimt frå laurdag ettermiddag" her >

Kva meiner fylkesmannen om Naturligvis?